Ronnie Cuber
Ronnie Cuber | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Død | 7. oktober 2022 (80 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1959–2022 | ||
Sjanger | jazz, rhythm and blues | ||
Instrument | saksofon, fløyte, Barytonsaksofon, bassaxofon | ||
Plateselskap | Milestone | ||
Verka som | jazzmusikar, saksofonist |
Ronnie Cuber (fødd 25. desember 1941 i New York City) er ein amerikansk jazz-saksofonist. Han har òg spelt latin, pop, rock og blues. I tillegg til hovudinstrumentet, barytonsaksofon, spelar han òg tenorsaksofon, sopransaksofon, klarinett og fløyte, sistnemnte på eit album av Eddie Palmieri, i tillegg til sine eigne innspelingar. Som leiar er Cuber kjend for hard bop og latinsk jazz. Som sidemann har han spelt med mange musikarar, som B.B. King, Paul Simon og Eric Clapton.[1]
Cuber var i Marshall Brown's Newport Youth Band i 1959, der han byta frå tenor- til barytonsaksofon. Det første meir kjende arbeidet hans var med Slide Hampton (1962) og Maynard Ferguson (1963–1965). Så spelte han frå 1966 til 1967 med George Benson. Han var òg medlem av Lee Konitz nonett frå 1977 til 1979.[2] Han spelte med Frank Zappa i midten av 1970-åra, mellom anna på albumet Zappa in New York. Han har vore medlem av Mingus Big Band sidan tidleg 1990-åra.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Som leiar
[endre | endre wikiteksten]- 1976: Cuber Libre! (Xanadu Records)
- 1978: The Eleventh Day of Aquarius (Xanadu)
- 1981: New York Jazz
- 1985: Two Brothers (AMG)
- 1985: Pin Point (PID)
- 1985: Passion Fruit (PID)
- 1986: Live at the Blue Note (ProJazz)
- 1992: Cubism (Fresh Sounds)
- 1993: The Scene is Clean (Milestone Records)
- 1994: Airplay (SteepleChase Records)
- 1996: In a New York Minute (SteepleChase)
- 1997: N.Y.C.ats (SteepleChase)
- 1998: Love for Sale (med The Netherland Metropole Orchestra) (Koch)
- 2009: Ronnie (SteepleChase)
- 2011: Boplicity (SteepleChase)
Som sidemann
[endre | endre wikiteksten]Med Patti Austin
- End of a Rainbow (CTI, 1976)
- Havana Candy (CTI, 1977)
Med George Benson
- It's Uptown (1966)
- The George Benson Cookbook (1966)
- Good King Bad (CTI, 1975)
Med Grant Green
- The Main Attraction (1976)
Med Idris Muhammad
- House of the Rising Sun (1976)
- Turn This Mutha Out (1977)
Med Horace Silver
- The Hardbop Grandpop (1996)
Med Lonnie Smith
- Move Your Hand (1969)
- Drives (1970)
Med Mickey Tucker
- Sojourn (Xanadu, 1977)
Med Rare Silk
- New Weave (1986)
Med Randy Brecker
- 34th N Lex (2003)
Med Dr. John
- Duke Elegant (1999)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ronnie Cuber» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: